Gurli

Artikkelstart

Gurli er eit kvinnenamn som går tilbake til eit gudinnenamn, det indiske Gauri, som er laga til ordet gauri med tydinga ‘ kvit’ i sanskrit.

Namnet har fleire variantar: Gurli, Gurly.

Kulturell bruk

  • Gurli er kjent frå eventyrsamlinga «Tusen og ei natt». Gurli vart mykje brukt på 1930-talet i Danmark etter at jenta Gurli vart myrda i København. Det vart også skrive ei skillingsvise om denne hendinga. Det kan likevel verke merkeleg at eit namn får eit oppsving etter ei så tragisk hending.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 220 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Gurli som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg