Guri er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Guðríðr av Guð-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘vakker’.

Namnet har fleire variantar: Gudrid, Guri, Gurid, Gyri, Gyrid.

Namnedag er 6. mai. Gyri har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Guri

Eit utval personar med namnet Guri, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 139 kvinner i Noreg som hadde Guri som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Variantar som er utvikla etter norrøn tid, som Guri av Guðríðr, har ofte fått ein gradvis tilbakegang på 1800-talet. Andre namn med liknande tilbakegang på 1800-talet er Guro av Guðrún, Rønnaug av Rannveig og Siri av Sigríðr.

Utvikling i bruk av namnet Guri frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Guri frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Guri på 1800-talet.

Guri var mest brukt i Oppland, Buskerud og Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Guri på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Guri var mest brukt i Oppland, Buskerud og Hordaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Gurid.)

Historisk bruk av namnet Guri
Historisk bruk av namnet Guri
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg