Gunter er eit tysk mannsnamn som via varianten Günther går tilbake til Günth-her der forleddet tyder ‘strid’ og etterleddet ‘krigar’.

Gunter svarer til det nordiske Gunnar.

Namnet har fleire variantar: Gunter, Gunther.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 menn (fødde i Noreg) som hadde Gunter som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg