Gunnvor Rundhovde

Artikkelstart

Gunnvor Rundhovde var ein norsk filolog og dialektforskar. Forskinga resulterte i eit doktorarbeid, og ho var den første kvinna som disputerte ved Universitetet i Bergen.

Gunvor Rundhovde var fødd og vaks opp på Valestrandsfossen. Ho arbeidde og budde i Bergen. Etter examen artium i 1938 tok ho til med filologisk studium ved Bergens Museum året etter. Under krigen veksla ho mellom målføreinnsamling og arbeid i skulen. Rundhovde var dagleg leiar ved Målføresamlinga frå 1956 til 1972. Dette bana vegen for eit omfattande forskarliv knytt til Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen som amanuensis i nordisk språkvitskap 1956–66, førsteamanuensis 1966–71, dosent 1971–83 og til sist professor 1983–86.

Ho avslutta hovudoppgåva si om lydverket i Hamre-målet hausten 1948 og var ferdig cand.philol. i 1953. I 1962 ferdigstilte ho avhandlinga «Målet i Hamre. Ljodvokster og stutt utsyn over formverk i eit Nordhordlandsmål». Ho disputerte i 1965 med avhandlinga om Hamre-målet. I 1975 kom «Åsane-målet» som del av Åsane bygdebok.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nes, O. (1996): «Gunnvor Rundhovde», i Bondevik, Dahl, Aarnes (red.): Fagprofilar ved Nordisk institutt, Universitetet i Bergen 1946–1996.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg