Gunelie er eit kvinnenamn som er ei avleiing av Gunnhild (og variantar).

Gunelie – og Gunelia – kunne også oppfattast som avleiingar av det svenske Gunnel, men då Gunelie og Gunelia er lite brukte i Sverige, er dei truleg laga i Noreg.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Gunelie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Gunelie i perioden 1900–2017, var det 86 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Gunelie. Dette inneber at 14 prosent hadde Gunelie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg