Gudveig

Artikkelstart

Gudveig er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Guð-veig. Forleddet tyder ‘gud’. Etterleddet -veig tyder truleg ‘styrke, dugleik’ eller ‘stridande, stridsfør’.

Namnedag er 10. november. Gudbjørg har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 730 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Gudveig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg