Gudvar

Artikkelstart

Gudvar (1887) kan vere eit nylaga mannsnamn med Gud- frå til dømes Gudmund og -var frå til dømes Oddvar. I norrønt finst namnet Guð-varðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘vaktar; vernar’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Gudvar Flaa fødd 1887 i Nesseby (Finnmark).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Gudvar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg