Gudmund Skjeldal

Faktaboks

Gudmund Skjeldal
Født
4. september 1970, Voss, Vestland
Av /Cappelen Damm.

Artikkelstart

Gudmund Skjeldal er forfattar, lektor og skiløpar. Han har teke eit moralsk oppgjer med langrenn som toppidrett og skriv gjerne om idealisme og klimakamp.

Bakgrunn

Gudmund Skjeldal er fødd på Voss i Hordaland (no Vestland). Han tok examen artium ved Voss gymnas i 1986, og i 1992 tok han hovudfag i idéhistorie ved Universitetet i Oslo. Hovudfagsoppgåva handla om forfattarskapen til Arne Garborg, og då særleg om romanen Fred.

Skjeldal har arbeidd som lektor ved ulike skular i Oslo, og han har vore journalist i Morgenbladet (2012). Han er òg foredragshaldar, der temaa er eigen forfattarskap og klimakampen.

Idrettskarrieren

Skjeldal var med på det norske landslaget i langrenn i 1991–1994. Han har mellom anna vunne tre sølvmedaljar på 50‑kilometeren i noregsmeisterskapen (1991, 1992 og 1993). Etter kvart vart han sterkt kritisk til den kommersielle utviklinga innanfor skisporten, og han la opp som skiløpar i 1995.

Forfattarskapen

Skjeldal er idéhistorikar, og bøkene han skriv, handlar gjerne om idealisme og klimakamp. I boka På villspor – takk og farvel til toppidretten (1995) presenterer han ein idéhistorisk fundert kritikk av toppidrettskulturen. Der hevdar han at pengar og media gjer toppidretten usunn. I boka Feber – historia om norsk olje og gass (2009) etterlyser Skjeldal miljøomsynet i den norske oljeutvinninga. Diktaren i bombeflyet. Ein biografi om Nordahl Grieg (2012) er ei idéhistorisk bok, der hovudgrepet er å presentere Nordahl Grieg si utvikling som samfunnskritikar og tenkjande menneske.

Bibliografi

  • 2021 – En velferdsprofitørs bekjennelser
  • 2019 – Taparskalle
  • 2017 – Vestover
  • 2017 – Wimbledon
  • 2016 – Begrav meg i snø
  • 2014 – Nestbest
  • 2012 – Diktaren i bombeflyet
  • 2009 – Feber
  • 2007 – Fallende snø: den norske klimautfordringa
  • 2005 – Den siste langrennaren: ei historie om Kristen Skjeldal og snø
  • 1996 – På sporet av den tapte tida
  • 1995 – På villspor: takk og farvel til toppidretten

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg