Gudleif

Artikkelstart

Gudleif er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Guð-leifr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘arving, etterkommar’.

Det russiske helgennamnet Gleb kjem av Guðleifr.

Namnet har fleire variantar: Gudleif, Gudleiv.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 60 menn (fødde i Noreg) som hadde Gudleif som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg