Gudlaug Nedrelid

Gudlaug Nedrelid

Universitetet i Agder.

Artikkelstart

Gudlaug Nedrelid er professor emerita i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder. Ho har særleg arbeidd med namnegransking, norrønt og færøysk, og ho har eit stort engasjement for nordisk språk og kultur.

Bakgrunn

Nedrelid hadde ein allsidig bakgrunn før ho tok høgare utdanning. Ho har både handelsskule og husmorskule og har arbeidd som budeie, kyrkjegardsarbeidar, arkivar og på bibliotek.

Ho tok pedagogisk seminar (no PPU) og blei cand.philol. med nordisk hovudfag frå Universitetet i Bergen i 1985. Hovudfagsoppgåva hadde tittelen Ola på Ola, og endå ein Ola. Personnamn i Indre Sogn i folketeljingi av 1801. I 1999 tok ho doktorgraden med ei avhandling om etternamn: «Ender og daa ein Aslaksen eller Bragestad". Etternamnsskikken på Sør- og Vestlandet.

Ho har arbeidd ved Universitetet i Bergen som stipendiat (1989–92) og ved Universitetet i Åbo i Finland. Sidan 1992 har ho vore tilsett ved Universitetet i Agder, først som førsteamanuensis, seinare som professor.

Utgivingar

Nedrelid omsette Soga om Egil Einhendte og Åsmund Berserksbane. Tåtten om Norne-Gjest i 1989. I 1992 gav ho ut diktsamlinga I ulvekjeften, og ho redigerte Fyrste ferda bort. (1993), som er ein antologi med færøyske noveller, saman med Turið Sigurðardóttir og Idar Stegane. I samband med at ho fylte 40 år i 1992 blei festskriftet Jostedalsrjupa laga.

Verv

Nedrelid har vore varamedlem i styret for Agder Vitenskapsakademi og styremedlem i Mållaget i Kristiansand.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg