Grungedal

Parti frå Grungedal med kyrkja, fotografert 1898.
Av /Nasjonalbiblioteket.

Artikkelstart

Grungedal er øvste soknet i Vinje kommune, Vestfold og Telemark fylke. Soknets areal er 910 kvadratkilometer. I Grungedal er det kjøttforedling, ysteri og turisme med hotell og gjestgjevargardar, mellom anna Haukeliseter fjellstue. E 134 DrammenHaugesund går gjennom Grungedal. Frå denne går Riksveg 9 Haukeligrend–Kristiansand over Bykle og Fylkesveg 362 EdlandRauland.

Faktaboks

Etymologi

Truleg frå innsjønamnet Grungi, 'grunt vatn'; nå Grungevatnet.

Grunge kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1850. Byggmeister var Såve Brufloti; kyrkja blei bygd etter typeteikningar av slottsarkitekten H.D.F.Linstow. Ho er dekorert av rosemålaren Aanund Lunden. Harald Kihle har måla altartavla.

Kart

Grungedal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer (1)

skrev Jon Richardsen

Rv 362 bør vel rettes til FV 362

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg