Grexit er eit omgrep som viser til ei eventuell gresk avslutning av medlemskapen i den økonomiske og monetære union i Europa (ØMU). Omgrepet er ei kortform av orda «Greece» (Hellas) eller «Greek» (gresk) og «exit» (utgang), og blei første gongen brukt av økonomane Ebrahim Rahbari og Willem Buiter i 2012.

Faktaboks

Uttale

grˈeksit

Etymologi
engelsk Grexit, eigentleg Greece’s exit ‘Hellas’ utgang’; jamfør brexit

Bakgrunn

Hellas blei hardt ramma då finanskrisa slo inn for alvor i 2008. Alt i 2009 måtte den greske regjeringa innrømma at ho i årevis hadde presentert ei uriktig framstilling av underskotstala i budsjetta i landet. Hellas blei utestengt frå den internasjonale finansmarknaden, og i 2010 var landet på veg mot konkurs.

I mai 2010 starta eit låne- og reformprogram med Den europeiske unionen (EU), Den europeiske sentralbanken (ESB) og Det internasjonale pengefondet (IMF), også kjent som Troikaen. Programmet har ført til hjelpepakker på til saman nærare 2 100 milliardar norske kroner frå dei tre långivarane mot lovnadar om kraftige nedskjeringar i offentlege budsjett og kutt i offentlege utgifter som løn og pensjon. I tillegg har programmet ført til auke i offentlege avgifter og skatt.

Misnøye og usemje mellom den greske regjeringa og Troikaen førte til snakk om at Grexit kunne bli utfallet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg