Faktaboks

Grete Kleppen
Fødd
8. desember 1953, Molde, Møre og Romsdal
Grete Kleppen.
Av /Samlaget.

Grete Kleppen er forfattar, omsetjar og lektor. Med ein leikande stil vekslar skildringane hennar mellom det nære, personlege og det fjerne, gåtefulle.

Ho har sidan 1996 vore lektor ved Universitetet i Caen i Normandie .

Omsetjingsarbeidet

Kleppen har vore medforfattar for lærebøker i fransk og har òg omsett fleire skjønnlitterære bøker frå fransk, mellom anna romanar av forfattarane Hélène Cixous og Jacques Attali.

Forfattarskapen

Kleppen sine eigne litterære verk er skrivne på nynorsk og inneheld både samtidsskildringar, historiske tilbakeblikk, hendingar frå eige liv og fantasifulle, absurde innslag. Forfattaren er ein leikande forteljar, som skildrar både menneske og omgivnader fargerikt, sanseleg og presist.

I debutromanen Ada (1998) har hovudpersonen som prosjekt å samle inn livshistorier frå heilt ulike personar og miljø. Blå fuge for far min (2010), er eit nært og fint farsportrett av ein skomakar og musikkelskar frå Molde. Uventa vendingar (2015) handlar om ein forfattar som overvintrar på ei øy i havgapet for å kunne skrive i fred og ro.

Utmerkingar

Kleppen fekk i 2007 Bastianprisen for omsetjinga av Hélène Cixous sin roman Blendverk. Opphavlege scenar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg