Faktaboks

Gregorio Allegri
Uttale
allˈegri
Fødd
1582, Roma, Italia
Død
7. februar 1652, Roma, Italia
Gregorio Allegri
Gregorio Allegri
Av /New York Public Library 𝒲.

Gregorio Allegri var ein italiensk renessansekomponist. Han vert først og fremst hugsa for korverket Miserere, som vart framført kvar påske i Det sixtinske kapell i over 200 år.

Bakgrunn

Gregorio Allegri var fødd i Roma i Italia. Han gjekk på skulen til kyrkja San Luigi dei Francesci, der han song i koret og fekk musikkopplæring frå 1591 av Giovanni Bernardino Nanino og bror hans, Giovanni Maria Nanino. Giovanni Maria arbeidde i Vatikanet og var ein meister i den gamle stilen, kalla «stile antico».

Allegri som komponist

I 1607 vart Allegri utnemnd til songar og komponist for katedralen i Fermo, der han vart verande i 14 år til han i 1621 fekk ei liknande rolle i Tivoli. I 1628 reiste han tilbake til Roma, der pave Urban 8. året etter gav han plass i pavekoret. Det var likevel som komponist han vart lagd merke til, og i 1650 vart han kapellmeister for pavekoret. Dette var ei svært høgtståande stilling, som han hadde til han døydde i 1652, 69 år gamal.

I si tid var Allegri mest kjend for annan kormusikk, mellom anna tonesetjingane av Jeremias' klagesongar og messa Vidi turbam magnam. Korverket Miserere vart truleg komponert i 1630-åra til dei såkalla tenebrae-messene i påskeveka. Sjølv om dette stykket er det verket hans som oftast vert framført i dag, fekk det ikkje fast plass i påskerepertoaret til Vatikanet før i 1660-åra. Versjonen vi kjenner er elles noko ulik den Allegri skreiv, sidan dei mest karakteristiske melodielementa originalt vart improviserte for kvar framføring, medan Allegri berre skreiv den enkle harmoniseringa av teksten. Vår tids versjon vart konstruert av musikologen Robert Haas i 1930-åra.

På grunn av den høge statusen verket etter kvart fekk i Vatikanet, vart det erklært ulovleg å kopiere. Det var dette forbodet den 14 år gamle Wolfgang Amadeus Mozart braut då han noterte ned ein forenkla versjon etter å ha høyrt det berre to gonger i påska i 1770.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Andrew Stewart: «Gregorio Allegri. Rome's eternal voice», BBC Music Magazine, May 2013.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg