Dalføre i Ullensvang kommune, Hordaland, mellom Hårteigen og Litlos turisthytte på vestre Hardangervidda. I Grøndalen ligg Grøndalsvotni (1282–1268 moh.) som har tilløp frå småvatn aust og sør for Grøndalshæ (1498 moh.), mellom anna frå Grytevatnet (1397 moh.). Grøndalsvotni har avløp i aust ved Grøno som snart dreier nordover og tek opp Brako, seinare Olavdalselva i Samkomehølen og dannar Veig.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.