Gottfred er eit mannsnamn som går tilbake til det tyske Gott-fried. Forleddet tyder ‘Gud’ og etterleddet ‘fred’.

I Gottfred er altså det tyske -fried bytt ut med det norske -fred (med same tyding).

Namnet har fleire variantar: Godtfred, Gotfred, Gottfred.

Kjende personar med namnet Gottfred

Eit utval personar med namnet Gottfred, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 70 menn (fødde i Noreg) som hadde Gottfred som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gottfred på 1800-talet.

Gottfred var mest brukt i Buskerud og Vest-Agder.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gottfred på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Gottfred var mest brukt i Buskerud og Vest-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Godtfred.)

Historisk bruk av namnet Gottfred
Historisk bruk av namnet Gottfred
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg