Gorm Kjernli

Faktaboks

Gorm Kjernli

Gorm Lybeck Kjernli

Født
31. desember 1981, Oslo
Stortinget.

Artikkelstart

Gorm Kjernli er kommunikasjonsrådgivar og tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus i 2008—2013.

Bakgrunn

Gorm Lybeck Kjernli er fødd i Oslo og voks opp i Ski (no Nordre Follo) i Akershus (no Viken). Han tok Drømtorp videregående skole i 1997–2000, bachelorgrad i kultur og samfunn/statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2001–2005 og studerer til master i statsvitskap same stad. Han arbeidde deltid i Posten i 1998–2001 og 2002–2003. Frå 2013 arbeider han i kommunikasjonsbyrået GambitH+K.

Politisk karriere

Kjernli var leiar av Ski AUF i 2002–2004. Han har vore fylkessekretær (2003–2004), økonomiansvarleg (2005–2006) og leiar (2006–2007) i Akershus AUF. Han var medlem av Ski kommunestyre for Arbeidarpartiet i 2003–2008 og leiar i Ski Arbeidarparti frå 2008.

Han var vararepresentant til Stortinget i perioden 2005–2009, men møtte fast i 2008–2009 for statsråd Anniken Huitfeldt. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus 2008—2013. Dei viktigaste politiske sakene hans er fråfall i vidaregåande opplæring, kollektivtransport, jernbane og miljø.

Andre verv

Kjernli har vore medlem av brukarutvalet i Ski (2003–2007), skuleutvalet for Oppegård videregående skole (2004–2008) og utvalet for samfunn og miljø i Ski (2007–2008). Han er medlem av styret for Det norske råd for kurdernes rettigheter frå 2007.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg