Godøya
Godøya sett fra Ålesund.
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Godøya er ei øy i Giske kommune, Møre og Romsdal, ut mot havet vest for Ålesund. Øya har 1151 innbyggjarar (2019) og eit areal på 10,9 km2. Lengst nord på øya ligg Alnes fyr.

Godøya er berglendt med høgaste punkt 497 moh. (Storhornet) midt på øya. Vest for Storhornet ligg Alnesvatnet (255 moh.). Øya er dyrka langs strendene. Fiske, fiskehandel og fisketilverking er hovudnæringane. På Godøya er det gjort funn av ei branngrav (Godøyfunnet).

Frå Godøya går det ein undersjøisk vegtunnel til øya Giske (Fv.125/127) med vidare ferjefritt samband til Ålesund via Valderøya og Ellingsøya (Vigrasambandet).

Namnet er av norrønt guð eller goð, 'heidensk gud' og vitnar truleg om heidensk gudsdyrking på staden.

Kart

Godøya
Godøya
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg