Gloppedalsura.
Gloppedalsura.

Gloppedalsura, eller Gloppura, er ei steinur i Bjerkreim og Gjesdal kommunar i Rogaland fylke. Ura ligg i Gloppedalen mellom Helgefjell (842 meter over havet) i nord og Vinjekula (907 meter over havet) i sør.

Faktaboks

Etymologi
Navnet henger sammen med nynorsk glop, ‘gap, hule, smal åpning’.
Også kjend som

Gloppura

Globbedalsura er ein av Skandinavias og kanskje Nord-Europas største steinurer, og her går vasskilet mellom Gloppedalsvatnet (235 meter over havet) som har avløp mot Dirdalsåna i nordaust (sjå Dirdalen), og Indra Vinjavatnet (192 moh.) med avløp mot Bjerkreimsvassdraget i sørvest.

Gloppura er danna ved frostsprenging etter at isen var smelta bort frå Gloppedalen etter siste istid. Store mengder av store og små blokker av stein rasa ut frå den sørlege fjellsida og la seg som ein rundt hundre meter tjukk «mur» oppå ein endemorene som isen hadde skapt under tilbaketrekkinga ved slutten av istida. Det er denne morenen som i dag dannar vasskilet i dalen.

22. april 1940 var det kampar mellom tyske og norske styrkar i Gloppedalsura. Éin norsk soldat vart drepen og eit ukjent tal tyske.

Fylkesveg 503 går forbi ura. Han fører frå fylkesveg 450 i Byrkjedal i nord, gjennom Gloppedalen og Gloppura, delvis i tunnel, til tettstaden Vikeså ved E39 i sør.

Kart

Gloppedalsura
Gloppedalsura
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg