Gjermund Hagesæter

Faktaboks

Gjermund Hagesæter
Født
12. desember 1960, Lindås, Vestland

Artikkelstart

Gjermund Hagesæter er jurist og tidlegare stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Hordaland i 2001–2017.

Bakgrunn

Gjermund Hagesæter er fødd i Lindås (no Alver) i Hordaland (no Vestland). Han tok befalsutdanning i infanterietHeistadmoen i 1979–1980 og tok vidaregåande skule i 1981–1983. Hagesæter tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Bergen i 1992 og tok bedriftsøkonomstudiet ved Noregs Handelshøyskole i 1995–1999.

Han var offiser i Forsvaret i 1980–1981 og 1983–1985, deretter juridisk rådgivar i FN-teneste i 1993–1994. Han har òg arbeidd som konsulent (1993), assisterande helse- og sosialsjef (1994–1998) og juridisk konsulent (1998–2000) i Lindås kommune. Hagesæter var sjølvstendig forretningsdrivande i 2000–2001. Han er sidan 2020 rådmann i Fedje kommune.

Politisk karriere

Hagesæter var formann i Lindås Framstegsparti i 1986–1988, representant for Framstegspartiet i Lindås kommunestyre i 1987–1995 og 1999–2001 og fast møtande representant i Hordaland fylkesting i 1989–1995. Han var medlem av landsstyret i Framstegspartiet i 2002–2005. Hagesæter var vararepresentant til Stortinget i periodane 1989–1993 og 1997–2001, og hadde samanhengande fast plass på Stortinget for Framstegspartiet frå Hordaland i 2001–2017.

Han var i perioden 2009–2013 medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget. I 2013–2017 var han medlem av finanskomiteen og arbeidde politisk med å få ned talet på kommunar og redusere skattar og avgifter. I 2015–2016 var han statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet. Frå januar til september 2017 var han igjen medlem av kommunal- og forvaltningskomiteen.

Andre verv

Hagesæter har hatt ei rekkje offentlege verv, mellom anna var han medlem av rådet for Nordhordland Kraftlag i 1989–2001, medlem av samferdselsutvalet i Hordaland i 1991–1995 og nestformann i styret for Haukeland sjukehus i 1991–1995. Han var medlem av sentralstyret i Europabevegelsen i 2007–2011.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg