Faktaboks

Gjermund Larsen
Fødd
29. juli 1981, Verdal, Trøndelag
Gjermund Larsen. Fotograf: Kjell Bitustøyl, gjengitt med tillatelse.
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Gjermund Larsen er ein norsk komponist, folkemusikar og felespelar. Larsen utfordrar folkemusikktradisjonen med sjangeroverskridande komposisjonar. Han har vunne fleire Spellemannprisar i ulike kategoriar.

Bakgrunn

Gjermund Larsen er fødd i Verdal i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Han gjekk musikklinja på Inderøy vidaregåande skule (1997–2000) og studerte folkemusikk ved Ole Bull AkademietVoss (2000–2002). Han var den første i Noreg som tok diplomeksamen i folkemusikk på fele ved Noregs Musikkhøgskole i Oslo (2008). Larsen kjem frå ein folkemusikkfamilie, der faren Geir Egil Larsen er ein kjend utøvar og pedagog.

Musikkarrieren

Larsen har både vore med i fleire folkemusikkgrupper og vore soloartist. Larsen er i tillegg mykje brukt som studiomusikar for andre artistar. Som komponist tek Larsen utgangspunkt i spelemannstradisjonen og slåttespelet i Innherred i Nord-Trøndelag. Han utfordrar og vidareutviklar denne tradisjonen med sjangeroverskridande komposisjonar. Saman med broren Einar Olav Larsen har Gjermund Larsen utvikla eit unikt samspel på vanleg fele. Dei forvaltar ein rik spelemannstradisjon med Hilmar Alexandersen som det store førebiletet.

I yngre år deltok Larsen mykje på kappleik og blei tidenes yngste Landskappleikvinnar i 2002 på Røros. Under Landskappleiken i 2005 fekk han kongepokalen som beste utøvar på fele. Larsen har vore med i gruppa Majorstuen frå starten i 2000, som fekk Spellemannprisen i 2003 for debutplata Majorstuen. Saman med broren Einar Olav albumdebuterte Gjermund Larsen i 2004 med Søttenpasningen. Larsen var saman med broren Einar Olav med å starte den finsk-norske gruppa Frigg, som har hatt stor suksess i inn- og utland. I 2006 etablerte han Gjermund Larsen Trio, saman med Andreas Utnem på piano og Sondre Meisfjord på bass.

Same året debuterte Larsen som komponist i bestillingsverket Brytningstid på Telemarkfestivalen. Store delar av dette verket låg til grunn for plata Ankomst, som fekk Spellemannprisen i folkemusikklassa i 2008. I 2014 gav han ut albumet Trønderbarokk saman med broren og TrondheimsSolistene, der han blanda slåttespelet i Innherred med barokkmusikk. Han har òg mellom anna skrive tingingsverket Osa-suite til OsafestivalenVoss i 2010, som var skrive for TrondheimsSolistene i samspel med brørne Larsen, og tingingsverk for Førdefestivalen (2012).

Som solist har Larsen spela saman med Det Norske Solistkor, Trondheimssolistene og Kringkastingsorkesteret. Larsen har elles samarbeidd og turnert med ei rad musikarar, som mellom anna Odd Nordstoga, Sissel Kyrkjebø, Maj Britt Andersen, Berit Opheim, Helge Lien, Reidar Larsen, Eldbjørg og Ragnhild Hemsing, Kim André Rysstad, Ida Jenshus, Arve Henriksen, Ola Bremnes, Carola og Christian Wallumrød ensemble.

Diskografi

  • Frå setergolv til dansargolv (2000, Tjukke slekta)
  • Frigg (2001), Søttenpassingen (2004 med broren Einar Olav)
  • Oasis (2005 med Frigg)
  • Går i fjøs (2009, barneplate med Bom Basker)
  • Aurum (2008 med Gjermund Larsen Trio)
  • Reise (2013 med Gjermund Larsen Trio)
  • Trønderbarokk (2014)
  • Salmeklang (2016 med Gjermund Larsen Trio)
  • Pilgrim (2021)

Utmerkingar

  • 2003 – Spellemannprisen i kategorien folkemusikk/gamaldans, med Majorstuen
  • 2008 – Spellemannprisen i kategorien folkemusikk/gamaldans, saman med Gjermund Larsen Trio
  • 2009 – Spellemannprisen i kategorien barneplate, saman med Bom Basker
  • 2010 – Spellemannprisen i kategorien klassisk musikk, saman med Trondheimssolistene
  • 2010 – Nominasjon til Grammy-prisen, saman med Trondheimssolistene
  • 2014 – Spellemannprisen i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk, saman med Einar Olav Larsen og Trondheimssolistene
  • 2014 – Verdal kommune sin kulturprisen
  • 2015 – Gammleng-prisen i klassen for folkemusikk
  • 2016 – TONO sin komponistpris, saman med Gjermund Larsen Trio

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg