Gjerløv er eit mannsnamn. Det kan vere ein variant av Gjerleiv eller Geirlaug. Forleddet tyder ‘spyd’, mens -leiv tyder ‘arving, etterkommar’ og -laug ‘lovd, vigd til’. Namnet kan også gå tilbake til slektsnamnet Gjerlev (Jylland).

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Gjerløv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg