Gjallarhorn var eit bygdeblad som kom ut i Førde mellom 1936 og 1940, med folkeopplysing som fanesak. Etter to år vart avisa organ for Det norske Arbeidarparti.

Avisa var redigert på nynorsk. Ho kom ut éin gong i veka frå 1936, og to gonger i veka frå 1937. Opplagstalet er ukjent.

Etablering

Gjallarhorn vart etablert i Førde med den første utgåva 20. november 1936 og skulle vere eit organ for fagleg, kulturell og sosial opplysing for folket i bygdene omkring. Namnet til avisa, som er henta frå norrøn mytologi, understrekar folkeopplysingsprofilen. Gjallarhorn var hornet som kunne høyrast over heile verda, og som skulle vekkje æsene ved ragnarok.

Drift

Utgjevar av avisa var Albert Øen, som også fungerte som redaktør i byrjinga. Per Dingsøyr var redaktør i perioden 1937–1938, samstundes som han var fast tilsett som journalist i Gula Tidend. Då Dingsøyr slutta, tok Øen igjen over som redaktør i lag med Sverre Yndestad. Frå 1938 og fram til andre verdskrigen var det Tor Grønnevik som hadde stillinga.

Gjallarhorn var frå starten av erklært partipolitisk uavhengig, men vart i 1938 kjøpt av Arbeidarpartiet. Ho fekk då den lange undertittelen «Bygdeblad for Fjordane. Organ for Det norske Arbeidarparti. For fagleg, kulturell og sosial opplysning».

Noreg vart okkupert i 1940, vart Gjallarhorn stengd av den tyske okkupasjonsmakta på grunn av tilknytinga til Arbeidarpartiet. Det siste nummeret av avisa kom 24. april 1940. Avisa kom aldri i gang att etter at krigen var slutt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Eggum, T. (2009): På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde: Selja Forlag
  • Høeg, T. A., red. (1973): Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo: Universitetsbiblioteket i Oslo
  • Ottosen, R., red. (2010): Norsk presses historie 1660–2010. Presse, parti og publikum 1880–1945, bd. 2. Oslo: Universitetsforlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg