Gisle Børge Styve

Faktaboks

Gisle Børge Styve
Født
20. februar 1970, Førde, Vestland
Gisle Børge Styve er musikar. Han var fast pianist i ei årrekkje i musikkunderhaldningsprogrammet Beat for beat på NRK, og har sitt eige band, Gisle Børge Styve Trio, saman med Helge Harstad og Per Willy Aaserud.
Av /Gisle Børge Styve Trio.

Artikkelstart

Gisle Børge Styve er musikar og artist. Han var fast pianist og deltakar i musikkunderhaldningsprogrammet Beat for beatNRK 1 i over femten år.

Styve har bakgrunn frå ein musikalsk familie og fekk opplæring i klassisk fiolinspel i barndommen. I ungdomsåra var han med i Førde Ten Sing. Styve er først og fremst pianist og vokalist, men spelar også gitar og bass. Han har utdanning som jazzpianist ved Noregs Musikkhøgskule.

Som fast deltakar saman med Trond Nagell Dahl i programmet Beat for beat 1999–2015, der to lag skulle gjette seg fram til låtar eller artistar, har Styve blitt vide kjent som underhaldar. Styve har også sitt eige band, Gisle Børge Styve Trio, der han syng og spelar piano saman med Helge Harstad (bass og kor) og Per Willy Aaserud (trompet og kor). Gruppa, som blei starta i 1998, har halde ei rekkje konsertar og gitt ut albuma Styves Ark (2002), som er spela inn live i bokhandelen Ark Majorstua, Here Right Now (2012) og singelen Skigardvise (2014). Musikken deira er prega av leiken improvisasjon og fleirstemd song, men på konsertane har dei også verbale humoristiske innslag innimellom. Han har også hatt musikk-show med Heine Totland.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg