Bygda Alnes, på nordsida av Godøy i Giske kommune
Bygda Alnes, på nordsida av Godøy i Giske kommune. Av /NTB . Begrenset gjenbruk

Giske

Faktaboks

Landareal
40 km²
Innbyggertall
8597 (2022)
Administrasjonssenter
Valderhaug
Fylke
Møre og Romsdal
Målform
nynorsk
Kommunenummer
1532
Høyeste fjell
Storhornet (497 moh.)

Kommunevåpen

Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Giske

Giske. Fiskeværet Alnes på Godøya, med Alnes fyr i bakgrunnen. Freda naustrekkje midt i biletet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Plassering

.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Artikkelstart

Giske er ein kommuneSunnmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg på ei rekkje øyar like vest og nordvest for Ålesund. Dei største og einaste øyane der bur folk, er Godøya (10,9 km²), Giske (2,5 km²), Valderøya (6,5 km²) og Vigra (18,9 km²). Alle desse har fastlandssamband.

Giske blei oppretta som kommune i 1908 ved utskiljing frå Borgund. Kommunen utgjorde då 21 kvadratkilometer og hadde 1480 innbyggjarar. Dei noverande grensene blei til i 1964 ved samanslåing med Vigra.

Natur

Berggrunnen består av grunnfjellsgneis som er sterk påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (kaledonske orogenese). Strandflata breier seg utover øyane Vigra og Giske, medan ho berre dannar ein smal brem rundt Godøya og Valderøya, som elles er berglendte med fjelltoppar opp til 497 meter over havet på Godøya (Storhornet) og 231 meter over havet på Valderøya (Signalen). På Giske og særleg Vigra er det store myrstrekningar.

I kommunen ligg både fuglefredingsområde og naturreservat (våtmark), mellom anna på Vigra.

Busetjing

Busetjinga er særleg tett på Valderøya, som i 2015 husa halvparten av befolkninga i Giske. Dei tre andre øyane med busetjing – Vigra, Godøya og Giske – hadde dette året høvesvis 26, 14 og 10 prosent av folketalet i kommunen.

Den klart største tettstaden i kommunen er Nordstrand på aust-, sør- og sørvestsida av Valderøya med 3949 innbyggjarar (2016). Administrasjonssenteret Valderhaug, som utgjer ein del av Nordstrand tettstad, ligg lengst søraust på Valderøya. Andre tettstader er (innbyggartal 2016): Roald (888) på Vigra, Giske (763) og Leitebakk (630) på Godøya. Samla tettstadsdel utgjer 77 prosent, mot 71 prosent i fylket samla sett (2016).

Folketalet i Giske har stige jamt i etterkrigstida, frå 3713 innbyggjarar i 1946 til 8094 i 2016 (med dagens grenser). Dette gir ei stigning på 118 prosent. I tiårsperioden 2005–2015 auka folketalet med gjennomsnittleg 1,9 prosent årleg, mot 1,0 prosent for Sunnmøre og 0,8 prosent for heile fylket. Av kommunane i fylket hadde berre Skodje og Ulstein større prosentvis vekst i denne perioden.

Næringsliv

Fiske er ein viktig næringsveg i Giske og bidreg vesentleg til at kommunen har ein forholdsvis høg prosentdel sysselsette i primærnæringane. I 2016 var 10,3 prosent av arbeidsplassane i kommunen innan desse næringane.

Fiskeflåten består av gjennomgåande store båtar. I 2015 førte desse i land ein fangst til ein førstehandsverdi på 910 millionar kroner, noko som etter Herøy er mest blant kommunane i fylket. Klart viktigast er torsk og liknande artar. Størstedelen av fangsten blir ført i land utanfor kommunen. Fisket gir også grunnlag for ei rekkje bedrifter for tilverking og omsetning av fisk og reparasjonsverkstad for båtane. Jordbruk blir drive særleg på Godøya og Vigra og er hovudsakleg basert på mjølkeproduksjon.

Industrien står for 13,9 prosent av arbeidsplassane i kommunen, 20,7 prosent inkludert byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning. Her dominerer særleg verkstadindustrien med 55,6 prosent av dei industrisysselsette, særleg maskin- og metallvareindustri (2016). Også næringsmiddelindustri, særleg fiskeforedling, er ein viktig industribransje med 30,4 prosent av dei tilsette i industrien. Elles har tekstil- og trelast-/trevareindustri høvesvis 6,9 og 3,5 prosent av dei tilsette i industrien (2016).

Av dei busette yrkesaktive i Giske arbeider halvparten utanfor kommunen. 37 prosent har arbeid i Ålesund, og seks prosent i dei andre kommunane på Sunnmøre. Det er elles ein del pendling til Giske frå Ålesund (316 personar 2014), vesentleg til Ålesund lufthavn, Vigra. Pendlinga frå Ålesund svarer til 12 prosent av arbeidsplassane i Giske.

Samferdsle

Giske kommune fekk fastlandssamband 1987, då alle dei store øyane i kommunen blei knytte til Ålesund via bruer og undersjøiske tunnelar (Vigrasambandet). Riksveg 658 frå fastlandet går via Ellingsøya og Valderøya til Vigra, med forgreining vidare til Giske og Godøya over fylkesveg 5957 (bru Valderøya–Giske og Valderøya–Vigra, elles tunnelar). Der er også snøggbåtsamband frå Valderøya til Ålesund sentrum og Haramsøyane.

På Vigra ligg Ålesund lufthavn, Vigra.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Giske høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sunnmøre regionråd.

Giske kommune svarer til dei tre sokna Giske, Valderøy og Vigra i Nordre Sunnmøre prosti (Møre bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Giske til Søndmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Giske

For statistiske formål er Giske kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 15 grunnkrinsar:

  • Godøy - Giske: Alnes, Godøy - Dyb, Godøy - Valkvæ, Giske, Giskeødegård - Giskegjerde
  • Valderøy: Skjong - Ytterland, Valderhaugstrand, Valderhaug, Nordstrand, Oksnes - Gjøsundsæther
  • Vigra: Synnes - Røsvik, Blindheim, Rørvik - Gjøsund, Molnes - Roald, Roald

Historikk og kultur

Giske soknekyrkje
Giske soknekyrkje
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Det er mange kulturminne frå forhistorisk og historisk tid i Giske, mellom anna ei branngrav på Godøya (sjå Godøyfunnet) og Skjonghelleren på Valderøya, med vel 2000 år gamle spor etter busetjing. Her blei det gjort utgravingar 1875 og 1983. Eilifsrøysa på Godøya er ein svær gravhaug på eit nes i Breisundet, truleg frå bronsealderen.

Ragnvald Mørejarl skal ha budd på Godøya, Gange-Rolv skal ha vakse opp på Vigra, og her heldt også den mektige Blindheimætta til (1100-talet). På øya Giske budde den mektige Giskeætta frå cirka år 1000 til 1250. Giske soknekyrkje blei opphavleg bygd rundt 1130–1140 som huskapell for Giske gard, med ytre mur av kvit marmor. Kyrkja blei restaurert i 1756 og 1930.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har ei opprett løve i gull mot ein blå bakgrunn. Motivet har bakgrunn i Erling Vidkunnssons (1292–1355) segl. Han høyrde til Giskeætta, var busett på Giske og var i periodar drottsete og kanslar i Noreg.

Namnet er eigentleg øynamn, norrønt gizki, kanskje ‘klut, duk’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Borgund og Giske, utgitt av Borgund og Giske bygdeboknemnd, 1957–73, 4 b

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg