Gerhard Garatun-Tjeldstø

Faktaboks

Gerhard Garatun-Tjeldstø
Født
19. juli 1901, Herdla i Askøy, Vestland
Død
9. oktober 1995, Bergen, Vestland

Artikkelstart

Gerhard Garatun-Tjeldstø var ein norsk journalist og forfattar. Han fekk læretida si i Gula Tidend, arbeidde i 25 år i Bergens Tidende som fiskerimedarbeidar og teatermeldar. Han skreiv særleg skodespel om menneske ved havet.

Bakgrunn

Gerhard Garatun-Tjeldstø var fødd i Herdla (no Askøy) i noverande Vestland og døydde i Bergen i Hordaland (no Vestland). Han tok lærareksamen på Stord i 1921, var lærar i Hjelme i Nordhordland i 1921–1927 og gjekk så over til journalistikk og forfattarverksemd.

Målsak, journalistikk og forfattarskap

Frå 1926 til 1937 arbeidde han i målrørsle-avisa Gula Tidend, og i 1937 vart han tilsett i Bergens Tidende, der han vart verande til han gjekk av med pensjon i 1971. Frå 1946 til 1965 var han fiskerimedarbeidar i avisa, frå 1965 teatermeldar.

Han var vestmann (sjå målmann) og skreiv i-mål, som òg var husnorma i Bergens Tidende for redaksjonelt stoff på nynorsk. Norma vart endra først etter at Garatun-Tjeldstø slutta i avisa.

Garatun-Tjeldstø skreiv skodespela Vokenatt (framført på Det Norske Teatret i 1933, på Den Nationale Scene i 1934), Og vegine falle so vide (framført på Det Norske Teatret i 1954, på Den Nationale Scene i 1957) og Krosshaugen (framført på Den Nationale Scene i 1965). Dei tre teaterstykka vart i 1965 samla i boka Menneske ved havet. Han skreiv òg høyrespel for radioen og jubileumsskriftet Noregs sildesalslag gjennom 50 år (1977).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kåre Fasting: Hundre års kavalkade. Bergens Tidende 1868–1968. Bergen 1967
  • Gerhard Garatun-Tjeldstø: Menneske ved havet. Oslo 1965
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
  • Per Håland (red.): Gula Tidend i 75 år. Bergen 1979
  • Norsk Presseforbund: Pressefolk 1990. Institutt for Journalistikk 1990
  • Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 50 år. 1913–63. Oslo 1963

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg