Gerda

Gerda er eit kvinnenamn som vart tatt i bruk i Noreg i 1850. Namnet er ei nyare litterær a-utviding av Gerd, formidla av N.F.S. Grundtvig i «Nordens Mytologi» (1808).

I norrønt vart -gerða brukt som etterledd i samansette namn, men ikkje som eige namn.

Namnedag er 23. mars. Gerd og Gerd har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Gerda

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore Gerda Bang fødd 1847 i Drammen, busett i Kristiania i 1900. Ho var døypt Gerharda, og det er usikkert når kortforma Gerda vart tatt i bruk på henne.

Kulturell bruk

  • Gerda er kjent gjennom Esaias Tegnérs dikting («Gerda»).
  • Gerda i H.C. Andersens eventyr «Snedronningen» (1844).

Kjende personar med namnet Gerda

Eit utval personar med namnet Gerda, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 3000 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Gerda som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg