Gerhard er eit toledda tysk mannsnamn: Ger-hard. Forleddet tyder ‘spyd’ og etterleddet ‘hard’. Ger- svarer til det norske Geir- med same tyding.

Namnet har fleire variantar: Gerhard, Gerhardt, Gerhart.

Namnedag er 19. juli. Gjert har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Gerhard

Eit utval personar med namnet Gerhard, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 355 menn i Noreg som hadde Gerhard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Gerhard i perioden 1900–2017, var det 62 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Gerhard. Dette inneber at 38 prosent hadde Gerhard som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Gerhard hadde toppfasen sin i 1870-åra, og heilt allment låg dei fleste tyske namna på topp i perioden 1860–1874. Nokre av desse namna har deretter hatt ei jamt fallande kurve. I tillegg til Gerhard gjeld dette namn som Bernt, Johan, Bernhard og Arnt.

Utvikling i bruk av namnet Gerhard frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Gerhard frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gerhard på 1800-talet.

Gerhard var klart mest brukt i Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gerhard på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Gerhard var klart mest brukt i Bergen.

Historisk bruk av namnet Gerhard
Historisk bruk av namnet Gerhard
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg