Faktaboks

Georgios Papadopoulos
Uttale
-ðˈåpulås
Fødd
5. mai 1919
Død
27. juni 1999

Georgios Papadopoulos var ein gresk offiser og politikar. Han var oberst frå 1960 og medlem av generalstaben 1966–1967. Den 21. april 1967 leia han militærkuppet i Hellas og overtok makta med ei ny regjering, der Konstantinos Kollias formelt var leiar. I desember 1967, etter at Kollias hadde slutta seg til kong Konstantins forsøk på motkupp, blei Papadopoulos statsminister og forsvarsminister, seinare også undervisningsminister og utanriksminister. Regent frå 1972.

Då kongedømmet blei avskaffa i 1973 blei Papadopoulos republikkens første president, men han blei avsatt ved eit kupp i november same år. Papadopoulos blei seinare arrestert og i 1975 dømt til døden, men dommen blei omgjort til livsvarig fengsel.

Frå fengsel stifta Papadopoulos bekjentskap med Nikos Mikhaloliakos, som seinare skulle bli leiar av Gyllent Daggry. Han starta også opp partiet Nasjonal Politisk Union (Ethniki Politiki Enosis, EPEN) i 1984. Rundt 5000 menneske møtte opp på skipingsmøtet for å høyre eit opptak av ein tale som Papadopoulos hadde fått smugla ut av fengselet. I talen uttrykte han stor bekymring for det han såg som ei negativ politisk og økonomisk utvikling i Hellas. EPEN blei offisielt oppløyst i 1996.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg