Faktaboks

Georges Bizet
Alexandre César Léopold Bizet
Uttale
bizˈɛ
Fødd
25. oktober 1838, Paris, Frankrike
Død
3. juni 1875, Bougival, Frankrike
Georges Bizet
Av /Library of Congress.

Georges Bizet var ein fransk komponist, som først og fremst er kjend for operaen Carmen. I dag blir Bizet rekna som ein av dei største komponistane Frankrike har skapt, og ein komponist utan like innan fransk teatermusikk.

Biografi

Alexandre César Léopold Bizet var fødd i Paris og døydde i Bougival i Frankrike. Han voks opp i ein musikalsk familie og fekk musikkundervisning frå femårsalderen. Han vart mest truleg elev ved konservatoriet i Paris allereie ti år gammal og studerte der fram til 1857. Her studerte han komposisjon med Jacques Fromental Halévy og Charles Gounod som lærarar.

I 1869 gifta Bizet seg med dottera til sin tidlegare lærar Halévy. I tida rundt den fransk-tyske krigen var han innrullert i Nasjonalgarden. Bizet vart utnemnt til riddar av Æreslegionen 3. mars 1875, dagen før premieren på Carmen. Han døydde på høgda av komponistvirket sitt, berre 36 år gamal.

Komposisjonar

Bizet sin musikk er melodiøs og rytmisk raffinert, med fargerik, klar og oppfinnsam instrumentasjon. Han hadde ei framifrå evne til å levandegjere personar og situasjonar. Han arbeidde rastlaust og lét vere å fullføre eller kasserte mange verk, noko musikkforskinga hevdar kom av Bizet si manglande sjølvtillit.

Tidlege verk

Georges Bizet

Georges Bizet, 25 år gammel, 1863

Georges Bizet
Av .
Lisens: fri

Bizet hadde store vanskar med å slå igjennom som komponist og den modne perioda hans vart svært kort. Det eldste Bizet-verket som framleis vert framført er den energiske Symfoni nr. 1 (1855), skriven med ein eineståande moden teknikk, endå komponisten berre var 17 år gamal. Symfonien viser påverknad frå både Felix Mendelssohn og Franz Schubert.

I 1856 vann Bizet ein konkurranse som operettekomponisten Jacques Offenbach arrangerte, med einaktsoperaen Le docteur Miracle, som vart framført offentleg året etter. Kantaten Clovis et Clotilde sikra han prisen «Prix de Rome» som 19-åring i 1857. Dette var ein pris med stipend og fritt opphald i tre år i Villa Medici i Roma, delt ut av den franske staten til framståande utøvarar innanfor ulike kunstgreiner. Utanom det obligatorisk opphald i Roma sette ikkje prisen mange krav til Bizet, og han fullførte relativt få verk dei tre åra han budde i Roma.

Komposisjonar etter Prix de Rome

Etter Roma-opphaldet busette Bizet seg i Paris-området. Han fekk tilbod om å skrive ein fullengdes opera for Théâtre Lyrique, og Perlefiskarane fekk premiere hausten 1863. Han arbeidde elles dels ved teateret og underviste noko. Bizet var ein pianist av ypperste klasse, som til og med vart sett høgt av Franz Liszt. Han arrangerte klaveruttog og dansemusikk for fleire musikkforlag, i tillegg til å verke som operarepetitør.

Av dei neste operaene hans vart Ivan IV aldri framført, og La jolie fille de Perth var ikkje sterk nok til å få nokon varig effekt. Ei rad andre prosjekt vart påbyrja og avbrotne, dels på grunn av dårleg økonomi i teatra, dels Bizet si varierande gjennomføringsevne og andre uheldige omstende, mellom anna den fransk-prøyssiske krigen i 1870 og Pariskommunen i 1871.

Etter opprøret i Paris i 1871 la Bizet frå seg alle gamle prosjekt og skreiv i staden einaktsoperaen Djamileh (1871). Dette var eit langt betre verk, sjølv om mottakinga var meir negativ enn musikken fortente. Same år skreiv han pianosuiten Jeux d'enfants, som han seinare arrangerte for orkester. Ein etterlengta publikumssuksess kom med orkestersuiten frå skodespelet L'Arlésienne i november 1872. Året etter vart prestisjeprosjektet Don Rodrigue avbrote fordi Opéra-teatret brann ned i oktober 1873, der berre delar av musikken overlevde.

Carmen

Bizet sitt store bidrag til operalitteraturen var Carmen (1875), som òg vart det siste verket hans. Operaen var sjokkerande i samtida, både på grunn av det seksuelt lada innhaldet og Carmen sin valdelege og realistiske død på scena i slutten av operaen. Musikken representerer høgdepunktet i Bizet sin produksjon og kombinerer nokre av dei mest kjende melodiane i operahistoria med stor dramatisk teft og gode karakterportrett.

Då brannen råka Opéra-teatret i 1873, hadde Bizet hadde allereie skrive delar av operaen Carmen, men hadde lagt det bort på grunn av den utfordrande handlinga. Men då Opéra Comique-teatret gav han nytt klarsignal i 1874, gjekk han i gang med å fullføre verket.

Operaen vart i stor grad dårleg motteken i pressa, medan publikum var lunkne, men noko meir positive. Komponisten døydde overtydd om at Carmen var ein fiasko. Like etter vart operaen sett opp i Wien, der han vart ein kjempesuksess med lovord frå prominente komponistar som Richard Wagner og Johannes Brahms. Snart vart Carmen sett opp over heile Europa, og ringen var slutta då nyoppsetjinga i Paris i 1883 vart ein strålande suksess.

Bizet var aldri særleg innovativ musikalsk sett, men skildringane av underklassekarakterane i Carmen fekk mykje å seie for seinare operakomponistar, særleg i den italienske verismo-bølgja, der Giacomo Puccini var ein av hovudfigurane. Både Carmen og Perlefiskarane nyttar såkalla eksotismar, som er handlingar lagde til kulturar som dåtida sitt franske publikum fann eksotiske.

Ettermæle

Det er få operaer som i ettertid har oppnådd ein slik popularitet verda over som Carmen. Verka til Bizet og omdømet hans i musikkhistoria var lenge omdiskutert, trass i dei svært positive omtalene frå komponistar som Brahms, Wagner, Claude Debussy, Richard Strauss og Igor Stravinskij. Av Bizet sine orkesterverk er dei to suitane frå musikken til Alphonse Daudet sitt skodespel L'Arlésienne best kjende, men også Symfoni nr. 1 blir framleis spelt.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Dean, Winton: Georges Bizet : his life and work, 1965
  • Grout, Donald Jay et al.: A History of Western Music, Sixth Edition. New York, 2001
  • Rabe, Julius: Georges Bizet : en minnesteckning, 1925
  • Stricker, Rémy: Georges Bizet, 1838-1875, 1999

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg