Georg 1 - konge av Hellas

Faktaboks

Georg 1

Georg I, Γεώργιος Αʹ, Geórgios I

født:
24. desember 1845, København
død:
18. mars 1913, Thessaloniki

Georg 1 var konge av Hellas frå 1863 til 1913. Georg var fødd som prins Vilhelm av Danmark, og var den nest eldste sonen til Christian 9 av Danmark.

Etter at kong Otto 1 blei avsatt i 1862, nominerte Storbritannia, Frankrike og Russland prins Vilhelm til ny konge av Hellas. Nominasjonen blei godkjent av den greske nasjonalforsamlinga, og Vilhelm blei krona som kong Georg (Georgios) 1, konge av hellenarane. Han kom til Aten 30. oktober 1863.

I 1867 gifta Georg 1 seg med storhertuginne Olga Konstantinova av Russland. Olga var niese av tsar Alexander 2 Nikolajevitsj. Saman fekk dei sju barn.

Forholdet til Storbritannia

I ei uoffisiell folkerøysting hadde eit stort fleirtal røysta for prins Alfred, son av dronning Victoria av Storbritannia til ny konge, men Storbritannia fremja heller Georg. Som takk for å ha valt Georg til konge etter britisk ønske, avsto Storbritannia Dei joniske øyane til Hellas.

Balkankrigen

Under Balkankrigen frå 1912 til 1913 leidde Georg det sigrande felttoget, men blei myrda under inntoget i Thessaloniki.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg