Faktaboks

Georg 1.

Georg I, Γεώργιος Αʹ, Geórgios I

Fødd
24. desember 1845, København
Død
18. mars 1913, Thessaloniki
Georg 1 av Hellas

Georg 1. var konge av Hellas frå 1863 til 1913. Georg var fødd som prins Vilhelm av Danmark, og var den nest eldste sonen til Christian 9. av Danmark.

Etter at kong Otto 1. blei avsatt i 1862, nominerte Storbritannia, Frankrike og Russland prins Vilhelm til ny konge av Hellas. Nominasjonen blei godkjent av den greske nasjonalforsamlinga, og Vilhelm blei krona som kong Georg (Georgios) 1., konge av hellenarane. Han kom til Aten 30. oktober 1863.

I 1867 gifta Georg 1 seg med storhertuginne Olga Konstantinova av Russland. Olga var niese av tsar Alexander 2. Nikolajevitsj. Saman fekk dei sju barn.

Forhaldet til Storbritannia

I ei uoffisiell folkerøysting hadde eit stort fleirtal røysta for prins Alfred, son av dronning Victoria av Storbritannia til ny konge, men Storbritannia fremja heller Georg. Som takk for å ha valt Georg til konge etter britisk ønske, avsto Storbritannia Dei joniske øyane til Hellas.

Balkankrigen

Under Balkankrigen frå 1912 til 1913 leidde Georg det sigrande felttoget, men blei myrda under inntoget i Thessaloniki.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg