Geiteryggen er ein vest–austgåande fjellrygg i Hol kommune, i Buskerud fylke, på nordsida av skaret mellom Stemmerdalen (Stemberdalen) og Strandavatnet. Her gjekk ein gammal ferdsleveg mellom Sogn og Hallingdal.

Ved foten av Geiteryggen ligg DNT-hytta Geiterygghytta. Derfrå går det varda stiar til mellom anna Finse i sør, Steinbergdalshytta i nord, Iungsdalen i nordaust og Raggsteindalen høgfjellsstove i aust. Fylkesveg 50 Hol–Aurland går gjennom Geiteryggen i ein 3281 m lang tunnel med det høgaste punktet på vegen, 1160 meter over havet, i vestre tunnelopning.

Namnet blir brukt fleire stader om fjell, skjer, morenerygger og anna som etter forma kan minne om ein geiterygg.

Kart

Geiteryggen
Geiteryggen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg