Faktaboks

Geirr Tveitt
Nils Geirr Tveitt
Fødd
19. oktober 1908, Bergen, Vestland
Død
1. februar 1981, Oslo. Gravlagd på Vikøy kyrkjegard i Kvam, Hordaland
Verke
Komponist, pianist og musikkteoretikar
Familie

Foreldre: Folkehøgskulestyrar Lars Håkonson Tveit (1878–1951) og Johanna Nilsdotter Heradstveit (1882–1966).

Gift 1) 15.8.1936 med pianist Ingebjørg Marie Gresvik (22.1.1908–6.5.2000), dotter til bankkasserar Olaf Jørgen Gresvik-Olsen (1874–1958) og Kari Mathea Wernersen (1882–1963), ekteskapet oppløyst 1941; 2) 29.7.1944 med Karen Margrethe («Tullemor») Berg-Olsen (29.1.1918–3.1.1997), dotter til skipsmeklar Eyolf Berg-Olsen (1892–1983) og Betty Hægland (1892–1967).

Døypt Nils; godkjenning for å brigda namnet til Geirr 1935.

Geirr Tveitt

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Geirr Tveitt
Av /NTB Scanpix ※.

Geirr Tveitt var ein norsk komponist, pianist og musikkteoretikar. Han skapte noko av det mest originale innanfor norsk musikk i det 20. hundreåret.

Bakgrunn

Geirr Tveitt var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og døydde i Oslo. Han var døypt Nils, men endra i 1935 namnet til Geirr og sette seinare ein t til familienamnet Tveit. Tveitt gjekk på folkeskule på Strømsgodset i Drammen. Likevel knytte han seg alt frå barndomen sterkt til slekta og landskapet i Hardanger og heldt seg mykje der i oppveksten.

Busett på ættegarden Tveit i Norheimsund frå 1941 bygde han komponistheimen Bjødnabrakane i lia 230 meter over havet, men flytte seinare ned til garden, der han budde til 1966. Deretter var han for det meste busett i Oslo. I 1970 vart bustadhuset på Tveit totalskada av brann, og dei fleste av komposisjonane hans gjekk då tapt, til liks med notata hans av rundt 1000 folketonar.

Tveitt var kritisk til det kristne livssynet og oppteken av den norrøne gudeverda, og han vart fanga inn av heidendomsrørsla som professor Wilhelm Hauer var den fremste talsmannen for gjennom Deutsche Glaubensbewegung.

Tveitt er gravlagd på Vikøy kyrkjegard i Hardanger.

Utdanning

I gymnastida på Voss dreiv han eit intenst kompositorisk sjølvstudium, som i 1928 opna veg til det tradisjonsbundne konservatoriet i Leipzig. Her viste han tidleg talentet sitt, påverka av norrøne og norsknasjonale idear, av hardingfela og norske stev, men også av annan nasjonal musikk. Dette gjaldt mellom anna uttrykk ein kjenner igjen hos dei store russarane Aleksandr Borodin, Modest Musorgskij og Sergej Rachmaninov, og i tillegg fransk impresjonisme (Maurice Ravel og Claude Debussy).

Tveitt tok òg utdanning i Wien og Paris, med mellom anna Arthur Honegger, Heitor Villa-Lobos og Egon Wellesz som lærarar. Etter nokre års verksemd som pedagog og musikkmeldar i Oslo slo han seg 1941 ned på slektsgarden i Hardanger og opptredde sidan som pianist og dirigent med eigne verk i Noreg, i dei fleste europeiske land og i USA.

Musikkarrieren

Tveitt var ein svært eigenarta komponist, og i musikken hans møtest det norske og kontinentale i ein fruktbar syntese. Særleg karakteristisk er bruken hans av modale toneartar (kyrkjetoneartar), opne klangar og taktvekslingar.

Produksjonen er omfattande, og han viser stor allsidigheit, frå store oppbygde symfoniske verk til enkle viser med stor appell. Hundrad folketonar frå Hardanger blir rekna som hovudverket hans, med fem suitar for stort orkester, der orkesteret som instrument blir nytta meisterleg. Minst like kjende er songar som Du skal ikkje sova bort sumarnatta (tekst av Aslaug Låstad Lygre) og Fløytelåt (tekst av Jakob Sande).

Gjennombrot

Komponistdebuten i april 1931 med Klaverkonsert i F hausta lovord i tysk presse, og verket vart mykje omtykt også i Bergen og Oslo. Tveitt fullførte studietida med opphald i Paris og i Wien. Heime att i Hardanger skreiv han det koreografiske dramaet Baldurs draumar, bygd på Edda-dikting. Den norrøne idéverda, eit mytisk landskap av segn og soge, løyste ut eit stort tenkt verk i moderne tonespråk med primitiv tematikk, påverka av mellom anna Igor Stravinskijs Vårofferet. Ei klaverutgåve vart framført i Leipzig, Berlin, Oslo og Bergen. Orkesterversjonen i Oslo i 1938 vart eit avgjerande gjennombrot for Tveitt. Musikken stod på programmet også i København og Paris.

Frå 1935 søkte han fotfeste som musikkteoretikar, kritikar, pianist og dirigent i Oslo. I avhandlinga si «Tonalitätstheorie des parallelen Leittonsystems» (1937) prøvde han å påvise at dei modale skalaene eigentleg er norrøne av opphav.

Hundrad hardingtonar

Midt i 1930-åra og under andre verdskrigen samla Tveitt folketonar frå munnlege kjelder i Hardanger-bygdene. Frå eit tilfang på over tusen tonar valde han ut og arrangerte femti av dei for klaver. I samlinga Hundrad hardingtonar for orkester finst fem suitar med i alt 60 nummer, ein del av dei var komponisten sine eigne «folketonar». Friskt melodistoff, framifrå instrumental karakterisering og rik stemningsfylde plasserer Tveitts hardingtonar mellom dei fremste blant norske musikkverk. Eit særleg folkekjært tonestykke er Velkomne med æra, opphavleg ei seremonivise som levde mellom naboane på Tveit-garden.

Virtuos pianist

Som utøvar utvikla Tveitt seg til ein virtuos i tradisjonen etter komponist-pianistar som Rachmaninov og Sergej Prokofjev. Han feira ein avgjerande triumf med eigne verk i Paris i 1947 og gjorde deretter årlege konsertferder i latinske og nordafrikanske land fram til 1954, då han urframførte Klaverkonsert nr. 5 i Champs-Élysée-teatret. Erfaringar med praktisk-pianistiske problem stimulerte fantasien og utvida grensene for kva slags klangfargar ein kan få ut av eit klaver, slik den visjonære sonate nr. 29, Sonata etere, er eit godt døme på. I tillegg til seks solokonsertar for klaver skreiv Tveitt konsertar for hardingfele (Tri fjordar er nr. 2), harpekonsert og symfoni. Operaen Jeppe, fritt etter Ludvig Holberg,urframført av Festspillene i Bergen, vart også spela på Den Norske Opera i fleire oppsetjingar.

Statens konsulent 1940–1942 – ein skugge over ettermælet

Stortinget gav Tveitt Statens kunstnarløn i 1958, tjue år etter at ei rad samfunnstoppar søkte om slik gasje for den då unge komponisten. I mellomtida hadde han i åra 1940–1942 teke på seg ombodet som statens musikkonsulent. Han hevda at han gjekk til dette ulønte vervet for å berge mest mogleg av norsk nasjonalt musikkliv mot tysk påverknad.

I ettertid førte saka til store vanskar for han. Ei granskingsnemnd etter krigen frikjende Tveitt for dei alvorlege ankemåla som Norsk Komponistforening reiste i mai 1945. Han hadde ikkje vore medlem av NS og hadde ikkje vist unasjonal framferd i stillinga som statens musikkonsulent. Tvert imot vart det hevda at han hadde motarbeidd så langt råd var, styresmaktene sine nazifiseringsforsøk. Etter eit års eksklusjon vart han på nytt medlem av komponistforeininga og TONO. Trass i denne avgjerda har eksklusjonssaka og tilknytinga Tveitt hadde til det nasjonalsosialistiske Ragnarok-miljøet i mellomkrigstida, stadig lagt ein skugge over ettermælet.

Talrike songar

Fram til 1960-åra arbeidde Tveitt som fri kunstnar. Aukande økonomiske problem tvinga han til å ta fast stilling, og som konsulent i NRK laga han ein serie diktarportrett med nyskapt musikk. Mellom eit par hundre songar til tekst av norske lyrikarar finst slike perler som Fløytelåt (Jakob Sande), Vi skal ikkje sova bort sumarnatta (Aslaug Låstad Lygre) og So rodde dei fjordan (Aslaug Vaa). Med desse og burlesk-humoristiske viser som Hestehandlarar og Drama gav Tveitt viktige tilskot til den norske songskatten.

Hovudverk

Orkesterverk

  • Seks klaverkonsertar (1930–1967)
  • Konsert for strykekvartett og orkester (1933)
  • Variasjonar for to klaverer og orkester (1937)
  • Åtte dansar (1939)
  • Fiolinkonsert (ufullstendig, 1939)
  • Hundrad folketoner frå Hardanger samt eitt enkeltstykke (Frå Fykse) (1954)
  • Husguden, for kammerorkester (1956)
  • To hardingfelekonserter (1956 og 1963)
  • Symfoni nr. 1 (1958)
  • Nøkken (1960)
  • Hymne til fridomen (1963)
  • Harpekonsert nr. 2 (1978)

Scenemusikk

  • Jonsokspel (1936)
  • Balletter
  • Baldurs draumar (også orkesterversjon) (1935)
  • Birgingu (1939)
  • Husguden (1956)
  • Operaer
  • Dragaredokko (1940)
  • Jeppe (1966)

Kammermusikk

  • Fem strykekvartettar
  • Tre strykesekstettar (1934)
  • Fylgja fyr fire felur (1935)
  • Per arpa, suite for harpe

Klavermusikk

  • 36 sonatar
  • Tolv to-stemmige invensjoner (1930)
  • Femti folketonar frå Hardanger (1951)

Vokalverk

  • Håkonarmål (1961)
  • Hávamál (1975)
  • Romanser, sanger og viser

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Aksnes, Hallgjerd: «Geirr Tveitt – en rotnorsk europeer», Norges musikkhistorie bd.4., Oslo, 2000.
  • Bringeland, Sjur Haga: 'Sources revisited. The Case of Geirr Tveitt', i: Rupprecht, Ina og Michael Custodis (red.), Persecution – Collaboration – Resistance. Music in the “Reichskommissariat Norwegen (1940–45). Serie Münsteraner Schriften zur zeitgenössischen Musik (Waxmann: Münster, New York) 2020, s. 153–174.
  • Bækkelund, Kjell, red.: Norske komponister, 1977.
  • Emberland, Terje: Religion og rase. Oslo, 2003.
  • Grinde, Nils: Norsk musikkhistorie, ny rev. utg., 1993.
  • Holen, Arne m.fl., red.: Norges musikkhistorie, b. 4, 2000.
  • NBL 2. utg.
  • Storaas, Reidar: Tonediktaren Geirr Tveitt : songjen i fossaduren, 1990.
  • Storaas, Reidar: Mellom triumf og tragedie : Geirr Tveitt – ein biografi, 2008.

Faktaboks

Geirr Tveitt
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036674002550

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg