Geir Egil Larsen

Faktaboks

Geir Egil Larsen
Født
5. desember 1944, Verdal, Trøndelag

Artikkelstart

Geir Egil Larsen er folkedansar og folkemusikar frå Verdal som spelar fele, tussefløyte, bukkehorn og seljefløyte.

Bakgrunn

Geir Egil Larsen er fødd i Verdal i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Larsen er adjunkt med musikk i fagkrinsen (1969), og han har grunnfag (1994) og mellomfag (1997) i norsk folkedans frå Senteret for folkemusikk og folkedans i Trondheim. Han har hatt tradisjonell opplæring i mellom anna felespel hos folkemusikaren Hilmar Alexandersen, og han er sjølvlært på fleire blåseinstrument.

Frå 1969 til 1975 var Larsen lærar i ulike skuleslag. Han var rektor ved Verdal kommunale musikkskule (1983–1993), og han har vore musikkpedagog same staden fram til 2012.

Musikkarrieren

Under Landskappleiken har Larsen sidan 1969 teke ei rekkje førsteplassar, med fire ulike instrument: tussefløyte, meråkerklarinett, seljefløyte og bukkehorn. I 2006 og 2008 vann han A‑klassa for «dans fele» saman med kona Maj Brit Larsen.

Geir Egil Larsen har gitt ut fleire album. Saman med Hilmar Alexandersen og P.A. Røstads orkester gav han ut albumet Kårkall’n i 1973. I 2000 gav Larsen ut albumet Frå setervoll til dansargolv saman med gruppa Tjukke Slekta, og i 2009 var han med på albumet Meråkerklarinetten saman med Bjørn Aksdal.

Både som utøvar og samlar har Larsen vore ein sentral tradisjonsberar av folkelege blåseinstrument og feleslåttar. Han har òg vore med og samla inn eit stort materiale av tradisjonsmusikk og folkedans i Nord-Trøndelag. Saman med sønene Gjermund og Einar Olav Larsen er han den som først og fremst fører tradisjonen vidare etter felespelaren Hilmar Alexandersen. Larsen har gitt ut notebøker, og han har sidan 1970-åra hatt eigne folkemusikkprogram i NRK radio.

Utmerkingar

For det allsidige arbeidet sitt innanfor norsk folkemusikk og folkedans har Larsen fått ei rekkje prisar og utmerkingar. I 1986 fekk han kulturprisen i Verdal kommune, i 2004 Hilmar Alexandersens musikkpris og i 2006 Egil Storbekkens musikkpris. Sidan 2008 har han vore æresmedlem i Landslaget for spelemenn (no FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans), og i 2012 fekk han Kongens fortenestemedalje.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg