Faktaboks

Gary Becker
Fødd
2. desember 1930, Pottsville, Pennsylvania i USA
Død
3. mai 2014, Chicago, Illinois i USA
Gary Becker i Chicago på Association for Behavior Analysis i 2008, fra Wikimedia commons. Public domain.
.
Lisens: fri

Gary Becker var ein amerikansk samfunnsøkonom som i 1992 blei tildelt Nobels minnepris i økonomi for å ha utvida bruken av mikroøkonomisk teori til nye område, som kjønns- og rasediskriminering i arbeidslivet, brotsverk og straff, ekteskap og fruktbarheit.

På denne måten utvida Becker bruken av økonomisk teori til område som tidlegare blei behandla av sosiologar, antropologar og psykologar.

Becker var professor ved Columbia University i New York frå 1957 til 1970, deretter ved University of Chicago. Som Chicago-økonom var han sterkt oppteken av i kva grad konkurranse i ein marknad faktisk løyser konfliktar mellom menneske og interesser.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg