Garman er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av Garmann som kan vere ein frisisk variant av det tyske Ger-mann der forleddet tyder ‘spyd’ og etterleddet ‘mann’. Namnet kan også gå tilbake til slektsnamnet Garmann (Jylland).Namnet har fleire variantar: Garman, Garmann.Kulturell brukI Alexander Kiellands roman «Garman & Worse» (1880) er Garman vel å merke eit etternamn.NamnestatistikkI perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Garman som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.Av dei som heitte Garman i perioden 1900–2017, var det 64 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Garman. Dette inneber at 36 prosent hadde Garman som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.Les meir i Store norske leksikonmannsnamnførenamn, mellomnamn, etternamnpersonnamnOm namneartiklane på snl.no