Gabriel er eit hebraisk mannsnamn som tyder ‘Guds mann’.

Namnedag er 26. mars. Glenn har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Gabriel

Eit utval personar med namnet Gabriel, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 843 menn i Noreg som hadde Gabriel som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 116 gutar som fekk namnet Gabriel.

Utvikling i bruk av namnet

Gabriel er blant dei bibelske namna som var ein del brukte tidleg på 1800-talet og som fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Andreas, Daniel, Elias, Isak, Jakob, Johannes, Jonas og Samuel. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra.

Utvikling i bruk av namnet Gabriel frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Gabriel frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gabriel på 1800-talet.

Gabriel var klart mest brukt i Vest-Agder og Rogaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Gabriel på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Gabriel var klart mest brukt i Vest-Agder og Rogaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Gabrield.)

Historisk bruk av namnet Gabriel
Historisk bruk av namnet Gabriel
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg