Førde Volleyballklubb i tremannsblokk
Bendik Huus, Lars Magnus Kaasa og Jonas Kvalen i blokk for Førde i europacupkamp mot Novy Urengoy.
Førde Volleyballklubb i tremannsblokk
Førde volleyball
Anders Mol med kongepokalen etter at Førde VBK vant NM-finalen for menn mot TIF Viking i 2020.
Av /NTB Scanpix.

Førde Volleyballklubb er ein volleyballklubb i Førde i Sunnfjord, stifta 18. september 1974. Klubben har vore ein av dei beste klubbane i Noreg etter 2000. Førde Volleyballklubb har fleire gongar delteke i europacup, og i 2019 tok klubben NM-gull med både dame- og herrelaget.

Fakta

  • Drakt: Blå overdel, blå bukse
  • Heimebane: Øyrane Arena

Historie

Førde Volleyballklubb vart i 1974 skipa av ein gutegjeng som var samla i gymsalen på Førde barneskule. Det første namnet var «Førde intervolley», men Norges Volleyballforbund avslo namnevalet. Kort tid etter endra klubben namnet til Førde Volleyballklubb og fekk dette godkjent. Magne Hornnes var den første leiaren i klubben.

Førde Volleyballklubb deltok i seriesystemet frå 1974. Klubben utvikla seg i eksplosiv fart, og allereie i 1978 kom Førde sitt gutelag til landsfinalen på Bryne. Dei tok klubben sin første NM-tittel.

På seniornivå kom gjennombrotet i sesongen 1979–1980, då herrelaget vann 2. divisjon utan å tape ein einaste kamp. Med søskena Olav, Torgeir og Asbjørn Vølstad på laget, vann laget tre kampar i kvalifiseringa og rykte opp utan å tape eitt sett. Då opprykket var i boks, var det samstundes klart at Sogn og Fjordane hadde fått sitt første toppserielag i volleyball.

Herrelaget spelte dermed sin første sesong i toppserien i volleyball i 1980–1981, og dei tok for første gong bronse i Noregscupen i 1981. Damelaget hadde stort sett vore i 2. og 3. divisjon, men med spelarar som Marita Hjelmeland og Iris Loftheim i spissen, spelte dei seg opp i toppdivisjonen i 1981.

Sidan rykte klubben opp og ned fleire gongar, og Førde Volleyballklubb slo først skikkeleg gjennom i norsk toppvolleyball då herrelaget tok NM-gull i cupfinalen i 2007.

Etter dette har klubben vore blant dei aller fremste på herresida, og den første seriemeisterskapen sikra laget seg i 2008. Den same hausten debuterte Førde på lågaste nivå i europacupen. Den første kampen i Challenge cup enda med tap 0–3 heime mot MOK Zagreb frå Kroatia.

Herrelaget vart nordiske meistrar i 2011 og har seinare delteke fleire gongar i europacupen. Hausten 2018 deltok dei for første gong i CEV-cupen, på nivået under Champions League, der dei gjekk vidare til 16-delsfinalen etter to sterke kampar mot det ukrainske profflaget Novator Khmelnytsky. I 16-delsfinalen vart TIF Viking frå Bergen for sterke, og Førde var ute av europacupen.

Damelaget gjekk for første gong til topps i NM i 2018. Seinare samme året vann dei også serien for første gong, og dei spelte i den europeiske CEV-cupen vinteren 2018–2019. Der tapte Førde mot franske Saint Raphaël i første runde.

Førde Volleyballklubb vart i 2019 dobbelt norsk cupmeister, då både dame- og herrelaget vann NM-finalen. Klubben var og i cupfinalen med begge laga i 2023, men då vart det tap mot høvesvis IL Koll og TIF Viking.

Klubben hadde i mange år Førdehuset som heimebane, men frå hausten 2023 har Førde Volleyballklubb spelt heimekampane sine i nye Øyrane arena. Same haust deltok Førde i europacupen Challenge cup, men tapte begge kampane mot Spartak Subotica 0–3.

Kjende spelarar

Nokre kjende spelarar er Anders Berntsen Mol, Asbjørn Vølstad, Torgeir Vølstad, Geir Eithun, Jetmund Berntsen, Mathias Loftesnes, Martin Berntsen, Jan Egil Tvinde, Bjarne Nikolai Huus, Marita Hjelmeland og Hilde Elvebakk.

Merittar

  • Seks NM-titlar for herrar (2007, 2011, 2016, 2019, 2020 og 2021)
  • Fem seriegull for herrar (2008, 2013, 2016, 2017 og 2019)
  • Eitt nordisk meisterskap for herrar (2011)
  • To NM-gull for kvinner (2018 og 2019)
  • Eitt seriegull for kvinner (2018)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg