Fylkestidende for sogn og fjordane

Fylkestidende for sogn og fjordane var ei avis i Florø. Ho kom ut frå 1874 under namnet Nordre Bergenhus Amtstidende og skifte namn til Fylkestidende for Sogn og Fjordane i 1930. Avisa blei lagt ned i 1957.

Historie

Nordre Bergenhus Amtstidende vart oppretta i 1874 i Florø på initiativ frå overrettssakførar Livius Smitt som budde i byen frå 1868 til 1881. Smitt meinte at dei bergenske avisene dekte amtet dårleg, og starta difor den fyrste avisa i fylket. Avisa kom i starten ut ein gong i veka og vart trykt på ei handpresse.

Ifrå fyrste nummer søkte den nye avisa aktivt etter nyhende og ba amtets ordførar om å sende inn referat frå kommunestyremøte og liknande. Responsen var derimot lunken, dei folkevalde kunne klare seg godt utan presseoppslag.

Smitt opna spaltene sine for ordskifte. «Kanaltunnel gjennem Stat» var fyrstesidesak i avisa 11. september 1874. Innsendaren viste til problema med å passere det vérharde Stadt, og foreslo ein kanaltunnel der Stadhalvøya er på det smalaste ved Mannseidet, slik at «Baade Kystfartøier og mindre Dampskibe kunne gaa derigjennem». Dette skulle koste 400 000 spesidalar. Smitt støtta tanken, men meinte summen ville bli det tidoble. Han foreslo i staden ein sporvegstunnel gjennom Mannseidet med heis i begge endar, til ein pris av 200 000 spesidalar.

Smitt brukte avisa som eit springbrett til ei politisk karriere. Han blei fyrst ordførar i Florø, og i 1880 vart han vald inn på Stortinget som fast representant, og skulle etterkvart sokne til Høgre. Då overtok kirkesongar Elias M. Hole som redaktør. Hole blei styrar ved Amtskulen i Førde og tok med seg avisa dit i 1887. Fem år seinare var avisa tilbake i Florø.

Nordre Bergenhus Amtstidende var eit organ for partiet Høgre. I april 1921 vart A/S Amtstidendes trykkeri seld til Reidar Angell-Jacobsen som også redigerte avisa.

Under krigen kom avisa med førebels siste nummer i 1942 under leiing av Sigurd Nybø av di «de daværende makthavere krevde at avisen skulle gå aktivt inn for nyordningen noe som selvsagt var uforenlig med bladets ånd og vilje», står det å lese i avisa då drifta vart teke opp att 22. oktober 1948. Same hausten blei aviskonkurransen ytterlegare skjerpa ved etableringa av ei tredje avis i den vesle kystbyen, Firdaposten.

Dei siste åra blei avisa trykt hos trykkeriet H. Jensen. I ei annonse den 15. mai 1957 kan ein lese at det skal haldast konkursbo-auksjon 26. mai over dette trykkeriet. Dette blei også slutten på avisa.

Opplag

År Opplag
1932 1500

Fakta

  • Første nr. 27.2.1874, siste nr. 29.1.1930.
  • Skifte namn til Fylkestidende for Sogn og Fjordane frå 31.1.1930. Førebels siste nr. 18.11.1942.
  • Fyrste nr. etter krigen 22.10.1948, siste nr. 29.5.1957.
  • Slegen saman med Firda Folkeblad og kom ut i perioden 5.11.1942–5.5.1945 under tittelen Folkebladet for Sogn og Fjordane.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg