Faktaboks

Administrasjonssenter
Eikelandsosen
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
3 861 (2019)
Landareal
354 km²
Høgaste fjell
Tveitakvitingen (1299 moh.) på grensa til Fusa
Innbyggjarnamn
fusing
Kommunenummer
1241 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Fusa

Fusa. Ådlandsfjorden sett frå Holmefjord. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Fusa var ein kommune i tidlegare Hordaland fylke. Fusa vart slått saman med Os i 2020 og vart ein del av Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke. Samanslåinga var del av ei landsomfattande kommunereform.

Fusa kommune låg søraust for Bergen, og omfatta vestsida av halvøya mellom Hardangerfjorden og den nordgåande arm Fusafjorden/Samnangerfjorden. Fusa grensa i sør til Kvinnherad og Tysnes, i aust til Kvam, i nord til Samnanger og i vest til Os.

Fusa kommune vart oppretta i 1856 ved utskiljing frå Os. Os vart i 1903 delte i tre, Fusa, Strandvik og Hålandsdal. Desse tre kommunane vart slått saman igjen i 1964, samtidig med at Bogstrand, som ligg på vestsida av Samnangerfjorden, vart overført til Os kommune.

Natur

Kommunen er prega av kystlandskap og har lang kystlinje, med mange holmar og mindre øyar. I nord og aust stig landet, og det høgaste punktet i kommunen er Tveitakvitingen, 1299 moh.

Fusa ligg i utkanten av Bergensfeltet (Bergensbuene) og har ein berggrunn som tilhøyrer den kaledonske fjellkjedefaldinga, prega av belte av omdanna kambrosiluriske bergartar med ein sørvest–nordaustleg strøkretning. Berggrunnen her består i stor grad av fyllitt og glimmerskifer, i tillegg til prekambriske bergartar, vesentleg gneis. Aust for Gjønavatnet og Skogseidvatnet i aust finn ein grønnstein. Denne bergarten dominerer saman med leirskifer (sjå leirbergartar) i den sørlege delen av den tidlegare kommunen. Lengst nordaust finst harde bergartar som kvartsitt, som i Tveitakvitingen på grensa mot Samnanger og Kvam.

Busetnad

Busetnaden, som er spreidd over heile kommunen, ligg for det meste langs fjordane. Unntaket er dalføret austover frå administrasjonssenteret Eikelandsosen, og Hålandsdal. Eikelandsosen var òg einaste tettstad i den tidlegare kommunen.

Næringsliv

Den største verksemda i kommunen er Frank Mohn Fusa AS, som i hovudsak produserer lossesystem for tankskip. Verksemda har i overkant av 500 tilsette. Trelastindustri og akvakultur er dei to andre store industrigreinene, og det finst mange mindre verksemder. Fiske og jordbruk er òg viktige næringsgreiner.

Historikk og kultur

Både på Vinnes og på Samnøy finst det helleristingar, og det er gjort mange fortidsfunn i kommunen. I Koldalselva, like ved Eikelandsosen, er det fleire store jettegryter. Holdhus kyrkje er ei ombygd stavkyrkje frå mellomalderen. Kyrkja vart ombygd i 1725 og 1836 og er framleis ei særprega trekyrkje, med rosemåla interiør. Like ved kyrkja ligg Skulemuseet på Holdhus.

Os og Fusaposten kjem ut to gonger i veka, og kom med det første nummeret i 1987. Avisa har hovudkontor på Os, men dekkjer begge kommunane, og er redigert på nynorsk. Avisa fekk i 2004 prisen Årets lokalavis.

Namn

Namnet Fusa er truleg opphavleg eit fjordnamn, Fúsi, til norrønt fúss, nynorsk «fuse», «ivrig», «strøyme sterkt og susande fram».

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg