Frostingen

I 1919 realiserte Viktor Mostad sin drøm om å starte avis i heimbygda Frosta. Det var ikke mange som hadde tro på Mostads avisplaner, men han trosset alle velmente råd, og bygdebladet Frostingen ble til med sitt første nummer 3. juli 1919. Men Mostads radikale synspunkter falt frostingene tungt for brystet, og etter kort tid fikk han sparken som redaktør. I frustrasjon dro han fra Frosta og var blant annet redaktør i Horten Arbeiderblad (1932–1934). Der ble han for radikal etter eiernes smak, og startet den marxistiske avisen Angrep i 1934. I likhet med flere andre kommunister havnet han i tysk konsentrasjonsleir under annen verdenskrig, og 8. mai 1943 døde Mostad i Sachsenhausen.
Viktor Mostad
Av /Frosta Historielag.
.
Lisens: Begrenset gjenbruk

Frostingen er ei ukeavis i Frosta, grunnlagt 1919. Papirutgåve kjem ut kvar torsdag. Lokalavis for Frosta og Åsen. Utgjevar er Frostingen AS. Redaktør: Janne Hopmo.

Historie

Frosta i Nord-Trøndelag har i mange år hatt status som «Trondheims kjøkkenhage», men mest kjend er nok kommunen for Frostatingslova. I 1909 meinte leiinga i Frosta Landbrukslag at den fruktbare kommunen inne i Trondheimsfjorden burde ha si eiga lokalavis. Til jul dette året lukkast det å gi ut noko som likna på ei avis, men det blei med eitt nummer av Frosta Avis.

Det skulle gå ti år før nokon tok eit nytt initiativ for å skaffe bygda ei lokalavis. 3. juli 1919 kunne den sjølvoppnemnde bladstyraren Viktor Mostad halde det første nummeret av Frostingen i handa. Avisa blei teknisk produsert i Trondheim, og ho blei svært godt motteken av bygdefolket. Same hausten bad Mostad ungdomslaget i bygda om å reise eit «lottlag» som kunne stå som økonomisk ansvarleg for avisa. Bygdefolket støtta tiltaket og sytte for at avisa fekk eit økonomisk fundament

Mostad var ikkje utan politisk farge i den redaksjonelle linja si, men bladstyret bad han om å halde seg nøytral på det området. Redaktøren tok ikkje så mykje omsyn til pålegget frå styret, og til jul i 1920 meinte styret at han hadde fått nok sjansar. Dermed blei Bjarne Rokseth tilsett som redaktør.

I 1924 kjøpte avisa sitt eige trykkjeri, og Olav Juberg blei tilsett som trykkjar. Ti år seinare overtok han òg som redaktør. Frostingen Trykkeri heldt det gåande til i 1973, men då var det tekniske utstyret så nedslite at ein måtte til med leigetrykking, først i Steinkjer og så i Trondheim.

Under andre verdskrigen greidde ein å halde avisa i gang, trass i at det var knapt om både papir og anna utstyr. Dette førte til at avisa frå 1941 bestod av berre eitt ark, som blei bretta saman til fire små sider. Like over jul i 1943 tok Bjarne Juberg over som redaktør. Med unntak av seks år etter krigen var han redaktør i heile 26 år.

Sidan 1986 har kvinner dominert i redaktørstolen. Først ute var Lisbet Skjærbusdal, så Janniche Aunan, Aud Floridon og Jorunn Sterten Melhus fram til 2002, då Janne Hopmo inntok redaktørstolen.

I 2001 blei det danna eit nytt aksjeselskap i Frostingen. Avisa var den einaste i Nord-Trøndelag som hadde opplagsvekst i 2015.

Opplag

År Opplag
1932 1000
1990 1001
2008 1518
2015 1693

Fakta

  • Fyrste nr. 3.7.1919.

Les mer i Store norske leksikon

Ekstern lenke

Litteratur

Artikkelen er henta frå Hans Fredrik Dahl (red.): «Norsk presses historie 1660–2010», band 4:. Idar Flo (bandred.): «Norske aviser fra a til å». Universitetsforlaget 2010 .

Artikkelen er oppdatert av Tom Hetland og publisert digitalt etter avtale med Universitetsforlaget og artikkelforfattar.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg