Fridtjof

Artikkelstart

Fridtjof og Fridtjov er mannsnamn med same norrøne opphav, Frið-þjófr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘fred’ og etterleddet ‘tjuv’.

Namnet har fleire variantar: Fritjov, Frithjof, Fridthjov, Frithjov, Fridtjof, Fridjof, Fritjof, Fridtjov, Fridthjof.

Namnedag er 10. oktober. Frida og Frits har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Fridtjof

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var overrettssakførar Baldur Frithjof Nansen (far til polarfararen), fødd 1817 i Eigersund, busett i Aker i 1865. Han hadde altså ein annan stavemåte av namnet (Frithjof) enn sonen (Fridtjof).

Kjende personar med namnet Fridtjof

Eit utval personar med namnet Fridtjof, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 1100 menn (fødde i Noreg) som hadde Fridtjof som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg