Fridgeir er eit nylaga mannsnamn (1885) med Frid- frå til dømes Fridtjof og -geir frå til dømes Torgeir.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var skoleelev Fridgeir Martinussøn fødd 1885 i Tolga (Hedmark). Litt seinare (1893, Beitstad) var det også ein annan som fekk namnet Fridgeir. Han har tydelegvis fått forleddet Frid- etter faren Fridjof Nilssen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 10 menn (fødde i Noreg) som hadde Fridgeir som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg