Faktaboks

Frida Ånnevik
Fødd
18. juni 1984, Hamar, Innlandet
Frida Ånnevik
Frida Ånnevik under Kongsberg jazzfestival i 2019.
Frida Ånnevik i 2016
/NTB Scanpix.

Frida Ånnevik er ein visesongar, tekstforfattar og omsetjar frå Ridabu i Hamar kommune. Ho har motteke fleire prisar for musikken sin, mellom anna fleire Spellemannprisar.

Ånnevik er først og fremst visesongar, men musikalsk har ho òg mange referansar til jazzmusikk, populærmusikk og folkemusikk. Ho har vore aktiv i ulike prosjekt og band, men solokarrieren hennar som låtskrivar starta for alvor i 2008.

Tekstane hennar er skrivne og framførte på hedmarksdialekt. Ho skildrar sjølv musikken sin som «pop i ope landskap», vel så mykje inspirerte av Joni Mitchell som av Alf Prøysen. Uttrykket kan gå i retning av stilartar som jazz, vise, soul og folkemusikk. Musikken ber preg av ein sjølvstendig og konsekvent stil, både i komposisjon, tekst og uttrykk.

Ånnevik har fått mykje ros for tekstane sine, som ofte handlar om sentrallyriske emne, til dømes identitet og korleis det som ung kvinne er å høyre til i verda.

Bakgrunn

Ånnevik er dotter av forfattar, visesongar og komponist Tor Karseth, og hadde ein oppvekst prega av musikk og teater. Etter musikklinja ved Stange videregående skole (2000–2003) tok ho mastergrad i musikk ved rytmisk linje ved Universitetet i Agder (2010).

Musikkarrieren

Ånnevik har gitt ut fleire kritikarroste album. Ho debuterte med Synlige hjerteslag i 2010. Ånnevik har utmerkt seg som låtskrivar og har vore nominert til Spellemannprisen fleire gonger, først i kategoriane «Beste nykommar» og «Beste viseplate» (2010). Det var først med sitt andre album, Ville ord (2013), at ho vart tildelt prisen i kategorien «Beste tekstforfattar».

For sitt fjerde album, Her bor (2016), vart ho tildelt Spellemannprisen i viseklassen. Året etter sleppte ho ei rekkje singlar som skulle utgjere eit nytt album. Flyge fra (2017) vart kalla eit systeralbum til Her bor, fordi platene er musikalsk nærståande. For dette vart ho òg tildelt Spellemannprisen.

Ånnevik vart tildelt Prøysenprisen i 2015 fordi ho «evner til å føre arven etter Alf Prøysen videre». Ho har i fleire samanhengar framheva Prøysen som eit av førebileta sine. Ånnevik var òg ein av utøvarane under Prøysens 100-årsjubileum, og utmerkte seg som artist med nye tolkingar og eit moderne uttrykk.

Musikalske tolkingar

Ånnevik har òg nådd eit stort publikum gjennom tolkingane sine av andre lyrikarar og artistar. I 2014 var ho med på jazzalbumet Lyden av Prøysen, der ho tolka mellom anna Å, den som var en løvetann og Kjæm du i kveld.

I 2019 kom Andre sanger (18. plass på VG-lista), som er ei samling coverlåtar, og dei fleste var omsette frå engelsk til norsk. Her har ho mellom anna omsett tekstar av artistar, som Joni Mitchell sin River, som er blitt til Elv, Astrid S sin Think before I talk er blitt til Tenkt meg om, og Janis Ian sin At seventeen er blitt til Søtten år. Albumet vart nominert til Spellemannprisen i viseklassen, medan Ånnevik vart nominert som «Årets tekstforfattar». Ho vart tildelt prisen for beste viseplate.

Musikalske samarbeid

Skogenes sang (2014) vart laga saman med den norske jazztrioen In The Country. Plata bevegar seg meir inn i eit jazzpreget landskap enn før, og er basert på dikt av lyrikaren Hans Børli. Denne plata vart òg nominert til Spellemannprisen i kategorien «Open klasse» (2014). I 2020 samarbeidde ho med Chris Holsten om singelen Hvis verden, som er ein omsett versjon av If the World Was Ending av Julia Michaels. For denne vann Ånnevik og Holsten Spellemannprisen for beste låt same år.

Utgjevne album

  • 2010 – Synlige hjerteslag
  • 2013 – Ville ord
  • 2014 – Skogenes sang (sammen med jazztrioen In The Country)
  • 2016 – Her bor
  • 2017 – Flyge fra
  • 2019 - Andre sanger
  • 2024 – VI

Utmerkingar

  • 2008 – Telenors talentpris, Kristiansand
  • 2009 – Grappas debutantpris
  • 2010 – Tekstforfatterfondets debutantpris «LYSPUNKT»
  • 2011 – Vidar Sandbecks kulturpris «Regnbågåbrua»
  • 2013 – Spellemannprisen for beste tekstforfattar
  • 2014 – Neshornet, Klassekampen sin kulturpris
  • 2015 – Prøysenprisen
  • 2015 – Hedmark fylkeskommunes kulturpris
  • 2016 – Spellemannprisen for beste viseplate
  • 2017 – Spellemannprisen for beste viseplate
  • 2019 – Spellemannprisen for beste viseplate
  • 2020 – Spellemannprisen for beste låt, i duett med Chris Holsten: Hvis verden
  • 2021 – Stipend fra Olle Adolphsons minnefond

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg