Frida

Frida kan gå tilbake til det norrøne kvinnenamnet Fríða av fríðr som tyder ‘vakker’. Frida kan også vere kortform av namn på -frida, til dømes Alfrida.

Namnet har fleire variantar: Frida, Fride, Frieda.

Namnedag er 10. oktober. Fridtjof og Frits har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Frida

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var husmannskone Frida Larsdatter Skaar fødd 1817 i Vikør (Hordaland). I kyrkjeboka er ho oppført med forma Fria.

Kulturell bruk

  • Frida Foldal i Henrik Ibsens «John Gabriel Borkman» (1896).
  • TV-serien om Frida (1990–1991) er basert på boka «Frida» (1990) av Torun Lian.

Kjende personar med namnet Frida

Eit utval personar med namnet Frida, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 7800 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Frida som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg