Freidar kan vere eit nylaga mannsnamn (1864) avleidd av Fredrik, men namnet kan også vere relatert til det norrøne gudenamnet Frøy (norrønt Freyr).

Namnet har fleire variantar: Freidar, Freider.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var bokhandlarfullmektig Freydar Beyer fødd 1864 i Bergen.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Freidar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg