Fredrik Størmer

Faktaboks

Fredrik Størmer
Henrik Christian Fredrik Størmer
Født
19. august 1839, Trondheim, Sør-Trøndelag
Død
29. desember 1900, Kristiania

Artikkelstart

Fredrik Størmer ein norsk var ingeniør, industrigründer, oppfinnar og målmann. Han var mykje engasjert i utvikling av treindustri og utnytting av fossar til elektrisk kraftforsyning.

Størmer studerte maskinbygging ved den tekniske høgskulen i Karlsruhe, Tyskland, i 1857–1860 og var var verksmeister ved Myrens mekaniske verksted i Christiania i 1860–1862. Dei neste åra etablerte han treoljefabrikkar i Hemne og på Tingvoll (1862–1865), ein fabrikk for trekolbrikettar i Tistedalen (1868) og ein oksalsyrefabrikk i Fredrikstad. Seinare stod han for bygginga av cellulosefabrikkar i Moss (1883), Ranheim (1884) og Bamble (1889). Han tok i alt ut 15 patent, for det meste innanfor kjemisk-teknisk industri.

Frå 1870-åra heiv Størmer seg inn i den store striden om jernbaneutbygginga og agiterte for normalspora jernbanar. Han var den første store fosseoppkjøparen i Noreg og skaffa seg fire fossar i Glåma og fallrettar tretten andre stader i landet. Størmer var ein framsynt og ihuga talsmann for overføring av elektrisk vasskraft over lengre avstandar.

Sjølv skreiv Størmer oftast dansk-norsk, men han støtta målsaka varmt. I 1862 var han den drivande krafta i det første mållaget i Trondheim. Fleire av fossane testamenterte han til Det Norske Samlaget, noko som danna grunnlaget for Størmer-fondet.

Dei siste to og eit halvt åra av livet hadde Størmer dårleg helse, ironisk nok etter å ha vorte overkøyrd av trikken i Kristiania.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Broch, Just (1943): Fredrik Størmer. En pioner i norsk teknikk og industri. Oslo: Cappelen. Les boka hos Nasjonalbiblioteket
  • Hanssen, Olaf (1935): «Ingeniør Fredrik Størmer» i Norsk Aarbok

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg