Faktaboks

Frederic Bartlett

Sir Frederic Charles Bartlett

Uttale
bˈa:tlət
Fødd
20. oktober 1886
Død
30. september 1969

Frederic Bartlett var ein britisk psykolog. Han leidde det psykologiske laboratoriet ved Cambridge University i perioden 1922–1952, og var professor i eksperimentalpsykologi i perioden 1931–1952. Bartlett er særleg kjent for studiane sine av minneprosessen, ryktedanning og psykologien til tenkinga.

Bartletts hovudverk er mellom anna Remembering (1932) og Thinking (1958). Han har hatt stor innverknad på engelsk psykologi.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg