Freddy er eit mannsnamn som er engelsk kjæleform av Fred og Frederick.

Les om kvinnenamnet Freddy.

Namnet har fleire variantar: Freddi, Freddie, Freddy.

Namnedag er 14. november. Fred og Fredrik har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Freddy

Fyrste namneberar

Den fyrste med namnet i Noreg var fødd i USA 1870: byseljar (kolonial) Freddy Thorsen. Under folketeljinga 1900 var han busett i Kristiania.

Kjende personar med namnet Freddy

Eit utval personar med namnet Freddy, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 177 menn i Noreg som hadde Freddy som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste engelske mannsnamna på -y var populære i 1960- og 1970-åra, til dømes Jonny, Ronny, Tommy og Freddy.

Utvikling i bruk av namnet Freddy frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Freddy frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg